Brukeravtale

Når du registrerer deg og lastar opp tekst, bilete eller video til Rubbel, har du godteke vilkåra nedanfor.
Dersom du ikkje godtek vilkåra, kan du dessverre ikkje registrere deg eller laste opp materiale på Rubbel

§1 Her i Rubbel kan du vere kreativ, du kan halde kontakt med vener og du kan verkeleg boltre deg. Men du skal halde deg til norsk lov. Vi godtek ikkje innhald som kan føre til straffeansvar, er ærekrenkande, rasisitisk, trugande, pornografisk eller på annan måte i strid med norsk lov. Mobbing og trakassering er ikkje lovleg på Rubbel.

§2 Den som bryt brukaravtalen blir stengt ute, eller får karantene. I spesielle høve vil eigaren av Rubbel, NRK Møre og Romsdal, vurdere å melde lovbrota til politiet.

§3 Du er ansvarleg for alt innhald du lastar opp på Rubbel. Du må ikkje laste opp andre sitt åndsverk utan at du har lov til det. Også lag, organisasjonar, skular m.m. kan bli ansvarleg om desse medverkar til opplasting av ulovleg materiale. Materiale som medarbeidarar har lasta opp på oppdrag frå NRK Møre og Romsdal ligg under det redaksjonelle ansvaret til NRK Møre og Romsdal.

§4 All kommersiell bruk av Rubbel må avtalast på førehand. Misbruk av Rubbel i kommersiell samanheng blir ikkje godteke. Spam og kjedebrev, enten i private meldingar eller opne fora, er ikkje tillate. Også teknisk misbruk av systemet kan føre til utestenging.

§5 NRK Møre og Romsdal har rett til å fjerne alt innhald som NRK Møre og Romsdal vurderer som upassande.

§6 NRK, inklusive alle noverande og framtidige avdelingar, har ein ikkje-eksklusiv rett til redaksjonell bruk av materiale som er lasta opp på Rubbel. NRK sin bruk kan skje redaksjonelt i alle eksisterande og framtidige medieplattformer. Slik bruk utløyser normalt ikkje noko krav om vederlag. NRK offentleggjer imidlertid ikkje innhald frå lukka grupper og private meldingar. NRK brukar ikkje materialet kommersielt, utan samtykke med den som har lasta opp materialet. Dersom NRK ynskjer å nytte videoane i ein kommersiell samanheng, som t.d. DVD, sal av nedlastings- eller avspelingsrett, så skal NRK på førehand innhente samtykke frå deg til dette.

§7 Når du sender inn materiale til Rubbel, registrerer NRK mobilnummeret ditt og eit passord. Dette blir lagra i databasen til NRK, saman med dei videoane og anna materiale som du sender inn til Rubbel, og dei vil berre bli brukte slik det er skrive i desse vilkåra. Opplysingane blir ikkje utlevert til andre, med mindre det er til underleverandørar i samband med drift og administrasjon av tenesta.

§8 Når du sender inn stoff til Rubbel, samtykkjer du til at det samstundes blir registrert og opplyst kvar i landet du sender inn materiale frå.

Kontakt om tenesta og desse vilkåra:
E-post: info@nrk.no
Postadresse: NRK Publikumsservice, 8608 Mo i Rana.
Telefon: 815 65 900.
Utanom opningstid kan du ringe 4146 6041 (talepostkasse)

Redaktøren for NRK.no er ansvarleg for NRK Rubbel.